tirsdag 5. januar 2010

Fotobehandling.....

Det er ei stund sidan vi kom tilbake til skulen etter turen til Peru. Før jul / etter turen gjekk med på evalueringar, "endeleg fredag" og juleopplegg.
Evalueringa frå turen var så bra at vi kan slå fast klisjeen:
ALLE VAR EINIGE OM AT DET HADDE VORE EIN FLOTT TUR.
Men for oss er det inga klisjè, men så sant som det kan bli!

No behandler vi bilete og minnner etter turen. Scrapbook og litt filmlaging i moviemaker står på menyen.

Om nokre veker skal vi i backpackingfaget gå i gang med reiseplanlegging. Vi skal besøke Kilroy og skal i etterkant lage ei detaljert fiktiv backpackereise rundt i verda. Kanskje fører dette til at nokon av elevane tar seg ein tur til Langtvekkistan neste år?? Håpar i alle fall at det vil gi inspirasjon til å reise!

Erlend , lærar i backpacking...